Pensjonistforeninga i Møre og Romsdal på tur

Lokallaget Møre og Romsdal har denne hausten hatt to turaktivitetar.

I september var vi på Godøy Kystmuseum der styrar Arne Tunheim formidla sine kunnskapar. Hans forteljarevne gjorde at kunnskapen om arkeologi, fiskehistorie og krigshistorie vart interessant. Godøy Kystmuseum er i den gamle skulebygninga på Godøy. På loftet der under andre verdskrig var gøymt mange flyktningar og Englandsfararar. Utstillinga synge både øya og kommuna si krigshistorie sett i ein nasjonal samanheng.

I oktober gjesta vi Mylnå i Volda. Den har tradisjonar frå 1864, og vart driven med vasskraft.  I 1930 vart Askjeselskapet Volda Elektriske Mylne As skipa, og noverande mylnebygg stod ferdig i 1937.

Maskiner og utstyr som steinkverner, skalmaskin, valsestol og meir er for det meste frå 1930 talet, og produksjonen har bestått av ulike typar  matmjøl, samt byggrøpp og valsa havre til dyrefor. Slike møller var vanleg i dei fleste kommunar, men etter kvart – særleg frå 50-talet og utover, vart slike anlegg moderniserte eller nedlagde. Mylna i Volda driv på gamlemåten i sin produksjon, sel mjøl og har eigen butikk. Disponenten Elias Moe fortalte at det var litt utfordringar i coronatida, men no går verksemda betre.

Lokallaget får informasjon hjå Mylna i Volda

Potetball er favorittkost til middag på Sunnmøre. Det blir gjerne servert på ein torsdag, og difor har vi ofte lagt våre møte til denne dagen. Når vi var på Godøy gjekk turen til Alnes Fyr og opplevelsesenter, der mange kunstnarar har hatt utstilling. Det har vore fyr for båtar og skip på Alnes sidan 1853. I 1869 reiste alnesingane eit eige fyrhus i form av eit tømmerhus med tranlampe. I 1937 vart dagens fyrtårn bygd, Det er eit trekledd vinkelgjerntårn som er 22,5 meter høgt. I 1982 vart fyret automatisert og avfolka. Etter ei omfattande restaurering sidan 1993 har staden vorte kultursenter med kafe, kunstutstillingar og ei utstilling om fyrhistoria. «Alnes er et veldig spesielt sted på jord!» har den kjente kunstneren Ørnulf Opdahl sagt.

Når vi var i Volda, inntog vi kantina på høgskulen og fekk servert potetball.

RT

HAR DU INNSPILL TIL STYRET I PENSJONISTFORENINGEN?

Innspill, forslag til aktiviteter eller turer, eller kommentarer til nettsiden vår