Det skjer i Møre og Romsdal

Lokallaget i Møre og Romsdal på tur til Bud og Hustad forsikring.

Lokallaget for Gjensidige Pensjonistforening i Møre og Romsdal har utvida aktiviteten. No er det kafetreff den første torsdag i kvar månad. Der vert små og store hendingar tatt opp, og minner frå Gjensidige tida kjem fram.

Lokallaget har også medlemsmøte. I april var tidlegare politietterforskar Jostein Solvoll på eit møte og heldt foredrag om «Politidrapet som ble glemt i fredsrusen 1945»

No i mai var lokalforeininga på tur til Bud i Hustadvika kommune på Romsdalskysten. Kommuna ligg ved havstykket Hustadvika som blant anna er kjent for fiskeværa Bud og Bjørnsund. I dette området finn vi også Atlanterhavsvegen. Ei reise langs denne nasjonale turistvegen er ei stor visuell oppleving, der natur, arkitektur og moderne ingeniørkunst møtes og skaper ein helt spesiell køyreoppleving.

Havstykket utanfor er også kjent for tragiske hendingar, som Rokstad forliset i 1938. og i nyare tid Cruiseskipet «Viking Sky» som var berre nokre meter unna grunnstøyting. Det var over 1000 passasjerar om bord. Mange pensjonistar. Nokre hundre vart heist om bord i helikopter og frakta trykt på land.

Det ikkje alle kjenner til at i Bud er eit forsikringsselskap som samarbeider med Gjensidige. Bud og Hustad, Norges ledande sjøforsikringsselskap. Adressa er Assuranseveien 7 i Bud. Dei starta i 1910. I dag har dei forsikra meir enn 2000 båtar, og dei har eit totalt forsikringsansvar på om lag 18 milliardar. Det er fiskebåtar, brønnbåtar, fraktebåtar, slepebåtar og båtar i forbindelse med akvaservice. Dei tilbyr forsikring av nybygg, ombygging og større reperasjonsarbeider. I slutten av mai gjesta lokallaget dette forsikringsselskapet. Markedssjef Ingve Drågen var vertskap. Han tok vel i mot lokallaget, ja prioriterte vårt møte, sjølv om Bud og Hustad hadde generalforsamling i Kristiansund denne dagen.

Vi var også innom Bryggjen i Bud, som er vide kjent for alle sine gode fiskerettar. Torsdag er det balldag på Bryggjen i Bud. Medlemmane sette pris på maten, og på omvising vi fekk på Møre Codfish og Ersholmen Brygge. Det siste er der det tidlegare rutebåtanløpet låg.  Ikkje minst er lokallaget takksame for mottakinga på kontoret til Bud og Hustad og orienteringa frå Ingve Drågen.

Fiskeretter i Bryggjen i Bud smaker godt. Her dagleg leiar av

John Einar Solheim som har slått av ein prat med nokre av dei som var med på

turen til Bud, frå v Inger Anne Søbstad, Bjørg Reppe og Grete Amanda Dahl.

Markedssjef Ingve Drågen var vertskap for lokallaget i Bud

HAR DU INNSPILL TIL STYRET I PENSJONISTFORENINGEN?

Innspill, forslag til aktiviteter eller turer, eller kommentarer til nettsiden vår