På tur til Ishavsmuseet

Ei lita båtreise frå Ålesund,  er Hareid, og i den kommuna er den vesle bygda Brandal. Der har dei bygd opp Ishavsmuseet Aarvak. Det er eit spesialmuseum innan emnet polar, med hovudfokus på norsk sel- og overvintringsfart. Ishavet, mannsmot, forlis og iblant store lutar var litt av det som guiden Beathe Holstad levande fortalte oss om. Oldefar hennar var det som starta med selfangst frå Brandal.

Til dette museet reiste altså medlemmar av lokalforeininga Gjensidige pensjonistforening Møre og Romsdal. I ei av bygningane er ishavsskuta «Aarvak» , bygd i tre i 1912. I dag er det den eldste ishavsskuta, spesialbygd for selfangst.

Museet har utstillingar som syner historia til selfangsten. Sunnmøringane begynte med selfangst i 1898. Beate Holstad fortalte at det var eit farefullt yrke. Forlisa var mange, to av tre  skuter forliste. I 1917 forliste sju skuter med 84 mann, 1952 forsvant fem skuter med 79 mann.

Blant dei som dreiv med  selfangst, var russarar. Beate Holstad fortalte at dei levde med den forståelsen at det var tre byar i Norge. Tromsø, Brandal og Bergen.

Torsdag er balldag her vest. Denne tradisjonsrike middagen blir solgt på mest alle kafeer, også på museum. Lokallaget sine medlemmer inntok denne menyen saman med mange andre gjester som kom når ballmiddagen vart servert.

Lokallagsmedlemmane har også begynt med lokallagstreff på ein kafe på kjøpesenteret Moa i Ålesund. Den første torsdagen i kvar månad går praten livleg.

HAR DU INNSPILL TIL STYRET I PENSJONISTFORENINGEN?

Innspill, forslag til aktiviteter eller turer, eller kommentarer til nettsiden vår